tirsdag 9. desember 2008

egblirgaaal


Kvifor finnes det små poser me "desiccant silica gel" som man må throw away and do not eat. Eg ville no aldri funne på å ete detta greiene, kanskje nokon ville , men kvifor ha det der om ein berre skal kaste det uansett? Det er jo berre tull, ein stakkar kan bli gal om han ikkje har betre ting å tenke på! Eg er sikker på at det ligg mange rundt om på forskjellige instutisjoner med tvangstrøye og skriker "silica gel, throw away, do not eeeeeat, throw away". Eg veit at hadde det ikkje vert for at eg gjekk på folkehøgskule og har andre usaklege ting å tenke på så hadde eg lett vert ein av dei. Eg kjenner eg blir sint grunna denna usaklege lille posen, jævlar!

torsdag 27. november 2008

mars og venus..eller?

Ein tanke som har slått meg mange gonger den siste tida er forskjellen på jenter og gutar. Eg synes det spesielt er ein stor skilnad når det kjem til kjærleik, flørting og liknande.
Når ein var 14 år trudde ein gutar var det viktigaste i universet, den du då var forelska i evt. saman med kom sjølvsagt til å vare livet ut..minst. Sjølv om det som regel blei slutt etter ei veke eller to om ein var heldig. No har vi bikka 20 og det er kanskje hakke meir seriøst, folk spretter ut unger i hytt og pine, blir sambuara og forlover seg rett som det. Det blir eit visst press på oss single småpiker som sitter igjen å hører historie på historie kor fantastisk dette manlige individed er... på alle måter. "Når skal du få deg kjærest då? Nokon i sikte? Eg har en kompis som ville vert perfekt for deg! Typen min sin kompis er kjempesøt, skal eg fikse noko?" NEINEINEI!
Men om man skulle mot formodning finne seg ein fyr, på eiga hand, blir samtlige jente heilt hjernedøde. "IIIK det har gått TO MIN sia eg sendte melding og han hakje svart!!! KA BETYR DEEET!!???" to min etter: "IIIKKKK han svarte!!! men det var ingen smiley! KA BETYR DET!??" gang på gang har eg sett mine oppegåande, intelligente, vakre venninner bli sånn, kanskje tilogmed hakket verre (eg er kanskje ikkje beire sjølv, men det er ein anna sak:P) Kver minste ting er stor som ei atombome og det skal analyserast i småbiter. Og dette er berre mens ein er på flørtestadiet, der ein begynner å bli litt små interessert, så kjem begynnelse av forholdet. "Han e såå fantastisk søt og smilet og håret blbalbablalbla. Eg savna han, har ikkje sett han på fleire minutter, herregud TENK VISS HAN SNAKKA ME HO DER JÆVLA HORA!!"
Hæ? Kva skjedde?
Alle andre jenter blir ein trussel, ein er alltid på vakt klar til å angripe med styggord og klør, om nokon skulle nærme seg "hunken" din "viss ho trine i første allmen går forbi en gang te me det forbanna korte skjørtet, klikker det for meg, ho vil berre ha han, eg hata ho, HATA HO." Så hater man ho, sjølv om ein kanskje ikkje kjenner ho, kanskje ho berre vrikker så masse på rompa fordi ho har hofteproblem? kanskje ho MÅ gå med korte skjørt som så vidt dekker dusken fordi ho ikkje har råd til dyrare?
Ein må jo til ei kvar tid støtte denne sinnsjuke nevrotiske forelska personen som har tatt over kroppen til venninna di, eller så kan du bli spist... Sitte der tålmodig, hjelpe å komponere meldinger til "hunken" som;"Hei, Kva gjer du på?" -"skal eg ha hei, halle halla, yo, eller blir det teit? skal eg ha klem? neei det blir litt fjortiss, smilefjes? nei må ikkje virke for interessert, men tenk viss han ikkje svara då!! "
Ein må jo hugse på å ikkje verke for tilgjengeleg, interessert e.l. for då.. eh då.. eg veit igrunn ikkje kvifor.
" Korleis oppføre seg når venninna di blir forelska - de ti bud"
1. Ikkje finn på å ha noko på hjertet sjølv, her skal det snakkast om hunken 24/7
2. Ikkje snakk med eksen hans, vi hatar ho.
3. Ikkje le...for guds skuld ikkje le
4. Ha sjokolade, alltid ha sjokolade
5. Ha med deg mobilen kvar enn du går.
6. Kvil når du har sjangsen
7. Lik hunken
8. Ver forbredt på å måtte vere med på kleine treff
9. Ver forbredt på å måtte prate skit når det blir pinlege tausheter
10. Du kan eigentleg berre sitte med armane åpne heile perioden, det blir mykje klemming og trøsting og "jammen hør her" samtaler..

Husk! Lyst til å trene, men har ikkje råd? Bli forelske, eller få deg ei venninne som er det!

onsdag 26. november 2008

intimgallup.

Eg, som så mange andre av norges befolkning er med i GallupPanelet, der eg i går fekk ei spørreundersøking på mail. Eg opna mailen og fekk vite at detta skulle handle om intimhygien, skeptisk begynte eg på spørsmåla. Først var det ulike intimsåper som dei lurte på om eg hadde høyrt om eller brukt og kva eg synest om dessa. Det fortsatte med glidemiddel som Asan skulle få ut på marknaden, eg måtte lese gjennom kva dei skreiv om produktet og svare på om det blei interessant å kjøpe det. Med eit augenbryn litt høgare oppe svarte eg på detta og, men så kom dei heilt fantastisk utrulege spørsmålet om farging av hår..intimhår.. Der dei igjen hadde skreve nokre setningar om produktet og spurte om dette hørtes interessant ut.. eh, nei.. "Hvorfor er ikke dette produktet av interesse?"Det lovde jo faktisk ein vakker glans og god lukt. Vel, uansett kor fantastisk ein hadde rosa intimhårfarge kunne det ikkje falt meg inni halvsvime å kjøpt det! Eg visste ærleg talt ikkje at det fantes engang. Finnes det intimfrisører? Går det an å ta nokre highlights mellom beina? Kan ein få rosa hanekam? Finnes det mennesker der ute som faktisk kjøper dette? Kanskje det snart kjem i daglegvare butikkane; ost, melk, smør, kjøttdeig og intimhårfarge..
Neitakk. Parce que je le vaut bien.

tirsdag 25. november 2008

Redningsvest?

Eit spørsmål som har plaga meg lenge er kvifor det er redningsvest i fly i staden for fallskjermar.. Kva er sjangsen for å faktisk lande i eit vatn? Og om du faktisk gjer det, skal du berre ligge der å duppe då? Nei, nei, ikkje vert redde ein har jo ein raud lampe som lyser automatisk dersom flytevesten treff vatn, hurra!
Eg tenkte litt på det der med fallskjermar, for det ville kanskje ikkje funket så bra det heller, plutseleg blir du tredd på en stor sekk og heve ut av eit styrtande fly 60 stk. som aldri har hoppa i fallskjerm før. Då blir vel alle spredd for vinden og ein finn aldri 60 stykke igjen som hoppa ut av et fly ein plass mellom oslo-bergen, der vil alltid vere einv luring som har klart å lande i eit tre på eit fjell som ein aldri finn igjen. Men ka med å ha blinkande lys på fallskjermen, eller sånn at det blinka på flyplassen der dei forekjllige fallskjermane landa.. litt mange blinkedingsa å halde styr på på flyplassen? Kubjelle! ein genial oppfinnelse, eller kva om man landar ein plass med monge kyr? Og kubjella te han luringa oppi eit tre på eit fjell blir vel litt vanskeleg å høyre.. eg skjønar kanskje kvifor dei berre valgte redningsvest, fallskjerm blir berre kaos. Vi kunne liksogodt fått ein heliumsballong og ein joint.

I wish you a pleasant flight=)

torsdag 6. november 2008

millionnestennær?

I går var eg på stortur heilt til Ski, der kjøpte eg meg bingoflax for å vinne masse penger, som folk flest gjer når dei kjøpe flaxlodd...:P
Det er faktisk 320 000 lodd som vinner 30 kr, og ikkje engang det klarde eg å dra i land..
Eg undrar om nokre f.eks misforstår dei ulike lodda å kaster gevinster, eller kaster uskrapa lodd ved feiltakelse, heilt sikkert.
Om nokon har planar om å kaste eller misforstå lodd i næraste framtid, kan dåkke berre sende det til meg med ein gong! =)

(denne var til Steinar, som synest eg burde blogge om meir kvardagslege ting:P)

onsdag 5. november 2008

obama

hurra for obama og for at verda har tatt eit steg i riktig retning. no slepp eg å flytte te månen, som hadde vært naudsynt om Mckain hadde vunnet. Eg trur dette er starten på noko bra for USA og resten av verda (det verkar avogtil som om Usa er si eiga lille verd, derfor "USA og resten av verda) om ikkje bush(som ikkje fortjena stor b) finne på eit siste sprell, den mannen ekje heilt riktig navla, for å understreke det; nokre sitater:

- I would still invade iraq even if Iraq never existed
- You are either with us or you are against us in the fight against terror
- They misunderestimated me.

tack å hej bush, don't let the door hit you..

tirsdag 10. juni 2008

hetroflau!

På festplassen i går appellerte bl.a biskop Ole D. Hagesæther, Nina Karin Monsen og Øivind Benestad, samt politikare frå KfF og FrP mot den nye ekteskapslova. Der var også musikkinnslag, med tekstar som: mor og ein far, eg er så gla eg har ei mor og ein far, elsker alle elsker her og der. Nokre ting som blei sagt, fritt frå hukommelsen: " Kva blir det neste? at 3 og 4 eller 5 stk kan gifte seg?" "Skal ein bytte ut ei mor med en mann eller en far med ei kvinne, er ikkje mor og far viktigare enn det?" " Eg vil at mine ungar skal vokse opp i ei verd der ei mor og ein far er grunnlegande, for det er eit grunnleggande behov for eit barn og ha ein av kvart kjønn."

Eg stod berre å venta på at dei skulle sei "haha Mari vi berre kødda med deg! Krf og Frp var berre for å sjå om du trudde at folk kunne vere så trangsynte"
Då hadde eg vert meget lukkleg. At voksne respekterte mennesker kan stå slik å diskriminere sine medmennekser på det groveste er heilt utrulig! Skal vi nekte avholdspersoner å gå på utested for det er berre for folk som drikk alkohol? Skal vi nekte vegetarianera å gå på steakhouse? Kva vil kristne tape på at to jenter eller gutar kan kalle seg for ektefeller? Og kvfor vil dei heller at ungar i den tredje verda skal svelte ihjel istaden for å ha det bra her med to mødre eller fedre? Er dei redd for at det smittar? Om homofile adopterar vil ungane straks bli homofile sjølv og heile verda vil bli folketom? Eller at alle kvinner finn det for godt å liksågodt gifte seg med ei jente, for det verka det og som dei var veldig redd for i går" då kan jo hetrofile av same kjønn gifte seg også" fysj, tenk så gale...! kan ikkje kristenfundamentalistane berre bestem kva svarten dei vil i sitt "perfekte" samfunn, så kan vi andre gjer det vi vil, gifte oss med kven vi vil når vi vil !?

Dei seie tru kan flytte fjell....

søndag 18. mai 2008

jomfrublogg

17 mai. skal man gå i tog eller sjå på toget, toget består av mennesker på rekke og rad og tromming på høgt nivå. Men alle andra daga i året er dette noe man irriterer seg over! At folk går rett foran deg på gata, seeeint, eller buekorpset som skal øve til alt mulig heile tida.

Men uansett så var min første 17. mai i bergen særs spennande, for etter vi hadde sett på alle menneskene som gikk på rekke (som ikkje heite tog i Bergen men prosesjon) drakk vi øl, midt på dagen, i bunad, noko som var heilt vanleg and thats ok:D. Men min gode ven regnboga fortalde meg at man ikkje kan drikke meir enn fire enheter når man har bunad, men eg klarte og halde det, så vidt:) og som min andre gode ven påpeika at 17 mai er vel den einaste dagen folk diskuterer bunadsølv og ikkje været.

Gratulerer med vel overstått dag, spesielt til hulen som blei 39 i går!